top of page

Livet stormar og strøymer

Bryne kunstforening 

31.01 - 23.02 2025

​

Anmeldelse / Anne Therese Tveita / CAS

​

Tekst av Ingrid Z. Aanestad

​​

I separatutstillinga ”Livet stormar og strøymer”, presenterer Ingrid Toogood ei serie nye verk som tek heile gallerirommet i bruk. Seks monumentale måleri er plasserte på golvet, og inviterer betraktaren til å bevega seg rundt og mellom dei, i ei omgivande oppleving av kunstverka. Utstillinga er eindel av Garborgadagane.

​

Toogood utforskar i desse verka tema knytte til indre uro og framandgjering. I arbeidet har ho henta inspirasjon frå skikkelsar som Enok Hove i Arne Garborgs ”Fred”, ein karakter som er plaga av djup tvil og uvisse, og som opplever ei sterk kjensle av å vera framand. På liknande vis blir Toogoods måleri prega av ein underliggjande ambivalens, der det kjende og trygge samtidig verkar merkeleg og urovekkjande. I universet hennar er det ikkje alltid gitt klare svar, og betraktaren står overfor ei verd som utfordrar forståinga.

​

Gjennom spegel, refleksjonar og skuggar skaper Ingrid eit visuelt språk som uttrykkjer korleis me forstår oss sjølve og vår plass i verda – alltid sett gjennom andre sine blikk eller forventningane i samfunnet. Toogood inviterer oss dermed til refleksjon, der me ikkje nødvendigvis finn klare svar, men vert klar over dei mange laga av kompleksitet som formar forståinga vår av tilværet

​

-------------------------------------------------

​

Malerier:

Akryl på lerret

Perforert speilpleksi

200 x 170 cm

​

Video:

Maleri og ide: Ingrid Toogood

Musikk: Marthe Bore Hovland

Skuespiller: William Blomgren Grindheim

Videoprodusent: Bo B. Randulff

Takk: Nina Ellen Ødegård and Tou 

​

Fritt etter Arne Garborgs tekster: 

​

Eg fær aldri fred. Eg er sjølv denne uro som aldri stillnar (Den burtkomne faderen)

Livet stormar og strøymer (Haugtussa) 

​​

Photo: Erik Sæter Jørgensen

​

​

bottom of page