top of page

Livet stormar og strøymer

Av Ingrid Z. Aanestad

Tale i forbindelse med åpning av utstillingen Livet stormar og strøymer på Bryne kunstforening 31. januar 2025

Livet stormar og strøymer

 

No er me her:

I Bryne kunstforening.I Bryne mølle.I utstillinga Livet stormar og strøymer av Ingrid Toogood.

Og for dei av oss som ikkje kan Arne Garborg på rams, vil eg begynna med å lesa det

vesle verset frå Haugtussa, der tittelen på utstillinga er henta frå:

 

Og Gleda svell i den unge Barm;

gløymd er baade Strid og Sutir og Harm,

og Live stormar og strøymer.

Hugen leikar og Augo lær,

Elsken gløder og Hjarta slær;

det er Stundir ein aldri gløymer

 

Her er livet som stormar og strøymer knytta til glede, til ei ung og sterk livskraft

kunne ein kanskje seia. Og det overraskar meg eigentleg ikkje at Ingrid Toogood har valt denne linja som tittel, for slik eg kjenner arbeidet hennar, har det ofte ei utstråling

av nettopp energi, av overskot, ja kanskje rett og slett av glede. Men det er ikkje ei

enkel og tannlaus glede det er snakk om, snarare ei som kan ligga ganske nær både

melankolien og manien.

 

På ein merkeleg måte synest eg også det er ein tittel som passar godt til akkurat denne

plassen me er på. I fleire hundre år blei det malt korn her langs Bryneånå, først var

det kvernhus her, og seinare kom mølla. Vatn har strøymt gjennom, og korn har blitt

malt til mjøl. Krafta frå det som strøymer har blitt til noko nyttig, noko godt og

næringsrikt og livgjevande.

 

Men livet kan storma og strøyma på mange måtar.

Det handlar ikkje berre om glede og godt mjøl

Det visste Arne Garborg, og det veit Ingrid Toogood.

«Eg fær ikkje fred. Eg er sjølv denne uro som aldri stillnar.»

Desse orda er det Arne Garborg som har skrive, og dei finst i boka Den burtkomne

faderen.

 

Orda kunne ha kome frå mange av Garborgs karakterar.

Og eg veit, fordi ho har sagt det til meg, at Ingrid Toogood har hatt desse linjene med

seg i arbeidet med desse måleria, som ein bakgrunnsmelodi.

Å ønska seg fred, men sjølv vera uro.Og eg tenker på boka Fred.

Som mange andre las eg denne boka ikkje av fri vilje, men som pensum på

vidaregåande.I minnet mitt er Fred ein mørk vond klump av angst og religiøs tvil.

Og det var ikkje berre med glede eg nærma meg boka på ny i samband med denne

utstillinga.Men det var ei spesiell oppleving å lesa ho på ny.Det er ingen tvil om at det er ei bok som omhandlar tunge eksistensielle erfaringar. ja, eg vil faktisk seia at det gjer vondt å lesa, vondt å vera så nær Enok Hove si tvil og fortviling, der alt som er fint og godt blir ei synd. Det er ei knugande verd Enok Hove lever i, og det er ei knugande verd han lagar for familien sin.Kanskje går det an å seia at ulukka hans er at all uroa, at all energien som finst i den,ikkje blir til ei kraft han kan bruka. Det blir ikkje godt mjøl av denne uroa, for å seia

det med biletet mitt frå i stad. Enok Hove blir, paradoksalt nok, utruleg einsam i si

søkjing etter fellesskap med Gud. Han kan sjeldan kvila i eit sikkert teikn frå dei

høgare makter, han er liksom dømd til å fortsetja å leita, fortsetja å tyda, fortsetja å

tvila - med kun nokre få herlege stunder på Tabor innimellom. Det å vera på Tabor er

å vera på det heilage fjellet, nær Gud.

 

Men - Det som overraska meg i gjenlesinga, var kor godt det også var å lesa.

Og dette gode tenker eg handlar om å vera i Garborgs ord, i hans hender.

Der fortvilinga og ufreden har fått ei form. Sjølv om Enok Hove ikkje får kvila, så får lesaren faktisk kvila - blant anna i Garborg sine landsskapsskildringar og i måten naturen sine rytmar kjem fram på. Sånn høyrest det for eksempel ut når våren kjem:

 

«Linn og blå kvelvde himilen seg yvi jordi som ein ljos draum. Det fløymde med sol

gjenom den vide verdi og stråla og tindra på alle leite; mjuk salt havluft frå vest

mengde seg med lett friske fjelluft frå aust; alle tusund angar av sevje og saft og frisk

gjødsle blanda seg inn; det var so sælt og godt å draga ande. Og lufti smøygde seg um

lemine som eit svalt bad. Frå solvarme bakkar og bleike engir steig lerka tirlande mot

høgd og sol og fyllte blåkvelven med jubel og klang som av sylvklokkur.»

 

Rytmen og klangen og luktene og lydane - det er eit fylt univers. Men også haustregnet er godt å lesa om, slik høyrest det ut:

 

«Regnvinden saug og taut i nov og i vegg; no hadde han fenge haustgråten i seg. Og

himilen hekk modlaus og grå og vaska og trafsa med tunge regnfloir.»

 

Eg tenker når eg les at det faktisk finst ein fred i Fred.Eg tenker at det finst noko som held også Enok Hove.Og eg er ikkje sikker på at det er Gud. Eg trur det som held han nettopp er Arne Garborgs ord.Garborgs vilje til form og til innsikt.

 

Me har altså Bryne mølle, me har Garborg og hans urolege skikkelsar og landskap i

sol og regn - og me har Ingrid Toogood sine måleri. Ja, her står dei også litt som store

skikkelsar i rommet. Som om dei alltid har vore her. Ansikt og landskap i fargar.

Berarar av ulike tilstandar, kjensler, stemningar. Av uro og rastløyse, av glede, ro.

Eller kanskje er det like mykje slik at det er me som er skikkelsar - berarar av ro og

3uro - som kan bevega oss rundt i denne scenografien. Spegla oss i tilstandar me

kjenner igjen, eller undra oss over noko ukjent, opningar mot noko anna enn det me

kjenner frå før.

 

Det finst fleire lag. Av og til er det som om me ser gjennom til det som er bak og

under. Gjennom det som ser ut som rifter eller gliper kan me liksom skimta noko

anna enn overflata, fasaden. Men ofte veit me ikkje. Det tenker eg at desse måleria

minner oss om. At me ikkje alltid veit kva kjenslelandskap som ligg under det me

umiddelbart ser.

 

Medan eg driv og tenker på linjene mellom skikkelsane til Arne Garborg og Ingrid

Toogood, drøymer eg ei natt om ein venn. Ho badar i ein oransje badedrakt, og så

kjem ho opp frå vatnet og viser meg ein spegel ho har festa under den eine fotsolen,

som ein piercing. Ho seier: « Eg løyste problemet gjennom å …» Medan eg drøymer

tenker eg tydeleg at eg må hugsa det siste ordet når eg vaknar, dette var nemlig ein lur

måte å løysa problem på, noko eg kan læra av. Men det glipp for meg, det er berre

begynnelsen på setninga og skikkelsen hennar eg hugsar frå draumen når eg vaknar,

gleda over å bada, eit sterkt lys reflektert i spegelen då ho løfta foten. Ja, eigentleg

liknar ho litt på eit verk av Ingrid Toogood. I vaken tilstand skriv eg ned draumen og

sender til denne vennen, kanskje håper eg at ho forstår kva eg snakkar om og kan

fullføra setninga. Ho blir glad for biletet, men ho skriv ikkje noko om kva måte ho

løyste problemet på i draumen min.

 

Det er menneskeleg å ønska seg løysingar og svar.

Det er menneskeleg å ønska seg eit teikn frå Gud - slik Enok Hove gjer.

Det er menneskeleg å ønska å forstå kjenslene som flagrar gjennom oss, dei som dreg

oss ned og dei som trekk oss opp .

Ja, ikkje minst:

 

Å ønska å bli kvitt den uroa som er oss sjølv.

Men måleria har ikkje eit eintydig svar.Det har heller ikkje Garborgs litteratur. Dei fortel oss ikkje korleis me skal løysa problema våre eller bli kvitt uroa vår. Nei, kanskje er kunsten meir som ein badande venn i oransje badedrakt. Eit tydeleg nærvær.Kanskje har kunsten, som vennen, ein spegel plassert på ein uventa stad. Der me plutseleg kan få auge på oss sjølv eller eit sterkt lys - eller me kan sjå nok frå ein litt annleis vinkel enn den vanlege.

Ja, her er me. Midt i livet som stormar og strøymer. Blant desse bileta som har både fred og ufred i seg. Leik og tvil. Viser oss lag på lag.

 

Og tenk - At me kan kvila oss eller undra oss ein augneblink i opplevinga av at dei finst og gir form til nokre av alle stormane som høyrer livet på jorda til.

Det gjenstår å seia: Gratulera, Ingrid. Med ei fantastisk fin utstilling

bottom of page