![]() | ![]() | ![]() |
|---|---|---|
![]() | ![]() | ![]() |
![]() | ![]() | ![]() |
![]() | ![]() | ![]() |
![]() | ![]() | ![]() |
Ingrid Toogood, Bjørn Båsen og Lars Korff Lofthus:
Tre malarar om ornamentikk og rom
KABUSO
07.02 – 03.05.26
Ein viktig del av å jobbe med maleri er å bestemme seg for kvafor eit rom ein ynskjer å skape. Gjennom historia har dette endra seg mange gonger. Nokon gonger har det vore viktig at maleriet skal vere så «flatt» som mogleg. Andre gonger har det vore viktig å skape store tredimensjonale rom. Denne utstillinga viser tre kunstnarar som er oppteken av kva dette rommet kan vere.
I tillegg til det reint maleriske rommet ynskjer dei å undersøke korleis sjølve gallerirommet kan bli ein del av samtalen. Eit anna felletrekk for dei tre kunstnarane er interessa for ornament. Folk har alltid laga ornament på bygningar, møblar og interiør. Dette kan vere for å symbolisere meining og verdi, identifisere bruken, finne rytme og skape samhald og identitet.
I arbeida til Toogod, Båsen og Lofthus får ornamenta fleire roller. Dei kan peike på større forteljingar, stille spørsmål ved kva som er ekte, eller sende betraktaren i ein uventa retning.
I Ingrid Toogood sine nye maleri lagar ornamenteringa mønster inspirert av utskjæringar i folkekunsten. Toogood sitt kunstnarlege uttrykk er kjenneteikna av malerisk illusjonisme og skulpturelle grep om kvarandre: fargerike trompe-lóeil effektar, utskårne felt og bruk av spegl. Tematisk kretsar arbeida rundt kva du ser og hva du trur du ser. Ho forsøker å fange det flyktige og ge uttrykk for noko som har forsvunne, eller for noko som kanskje aldri har vore der, som et sakn etter det ukjente og det tapte.














